s

s

tirsdag 3. desember 2013

Aldri for gammal for gåvekalender ?

Fekk meg ei stor overrasking på lørdag. Min kjære mann og eg hadde vore på julabord tur til Bekkjarvik (Austevoll), der fekk me fantastisk god mat i godt selskap. Heime var dotter mi på 19. Inne i stova venta dette :


Tenk at ho har laga gåvekalender til meg. Den første eg har hatt i mitt liv.  Til no har eg fått to flotte puter som ho har sydd sjølv og ein stor sil som me trong ny !! Flotte gåver altså.


 Engelen svever over juletreet som er full av gåver. Ho har sydd dette sjølv.


Om eg er for gammal ? 
Gler meg i alle fall kvar dag til å opna pakke, feire advendt og teller ned til jul !!

mandag 25. november 2013

Gras i november.


Graset i hagen står enno nokså fint. Forskjellige farger og så i samplanting med ein rødleg  heuchera, er det enno fint å sjå til.





Joda, det er enno fint å finna i hagen .

tirsdag 19. november 2013

Om knopper og livskraft.

Sitte inne i stova mi.. Det er fyr i ovnen , godt og varmt . Ute er det kaldt i dag. Litt kvitt i lufta. Mogleg det er litt snø på veg, men har ingen forventninger om at den blir liggande. Utanfor stovevindauga mitt er det full aktivitet. Småfuglane er flittige i matfatet. Det minker på både solsikkefrø, jordnøtter og meiseboller. Etter ei dårleg natt er det godt at det ikkje er så mange må-ting på planen i dag. Å leva med helseplager som set sine grenser for aktivitet er ikkje kjekt, men det er godt å kjenna at det også er noko ein lærer seg å akseptera utan at humøret også blir borte. 




Søndag var ein god dag.Då var eg ute å rusla i hagen. Fotoapparatet og eg.
Min Agapantus er tydlegvis ikkje klar for vinter. Mykje livskraft der. Kva gjer eg no om eg ynskjer ta vare på den? Vekk frå kuldegrader har eg forstått, men mørkt eller lyst og kor kaldt kan den tåla ? Vatning ?


Den ser så fin og grøn ut at det er litt leitt å la kulda ta den !!
Andre planter står også med knopper men det er fordi dei er i rute.




Julerosene er klare dei. No laver snøen ned ute og legg seg som eit kaldt teppe over det meste. Skal tru kor lenge den får liggja? Eg trur fuglane vil lika at eg tek meg ein tur ut og fyller på mat til dei så får i alle fall dei hjelp til å halda varmen.



søndag 17. november 2013

Mose med meir.

Sommeren er over . Hausten er her.
  Snart er vinteren på vei.
 Her har vore stille lenge. Kanskje eg er tilbake.
 Veit ikkje enno.
 Men i dag har eg i alle fall lyst å visa litt bilder.


Som sist innlegg er eg i inngangspartiet. 
Eg har sanka mose og litt anna og pynta der.



Det er kjekk aktivitet sjølv om det er kaldt på fingrane.
Dørkrans kjem i desember.

Er spent på om eg får besøk på bloggen min no.
 Om du les dette er DU her og det set eg stor pris på.
 Ha det godt.

søndag 30. juni 2013

Nyvaska inngangsparti

Alle plantene som pleier å stå i inngangspartiet
 har vore på "ferie" på terassen.

 Kjekt å pynta der, men veit at pga. regn og vind er det ikkje lurt å ha mange planter der til vanleg.
Det var heller ikkje for å pynta dei blei flytta, men steinhellene i inngangspartiet trong ein grundig vask.
Og sakte men sikkert er der både kosta, spylt og høgtrykks-vaska. Og hellene vart mykje lysare.

Men det er no litt tomt utan potter og pynt.


Så i dag var ferien på terassen slutt og plantene og pynten var igjen på flyttefot tilbake til inngangspartiet.


Har ikkje så veldig mange planter i potter men dei utgjer likevel ein forskjell synest eg.





Og med bedet på andre sida, så er eg fornøyd.




Liker godt all steinen i hagen, blir flottare den og med litt grønt rundt seg.
Sitter her og samler krefter etter ryddeøkta ute. Må ha litt håndbrems på så det ikkje går for fort. Energiøkonomisering......Satser på grilling ute i dag. Så satser eg på ei ugrasøkt igjen i morgon.
Ha ein fortsatt fin dag og god veka.

torsdag 27. juni 2013

Blomegleder og andre gleder.




Så deilig med sommer.
Kjekt med plantene som veks,
med blomane som lyser opp.
Så deilig med sommer.
Kunne gå i lette klær,
Kjenna at varmen gjer godt.
Så deilig med sommer.
Sola som varmer både planter og meg,
og farger himlen i varme farger.
Så deilig med sommer.
Takk Gud, for at du skapte sommeren !!


Min gule kongslys frøsår seg sjølv rundt i hagen. Av og til der det er greitt, andre ganger flytter eg dei. Går greitt det når planta er liten.
Blømer ikkje enno, men eg synest den er flott der den står.
 Dette er ei plante eg har flytta inn i bedet, den neste har sådd seg sjølv "på ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu" !! Ei lita jordlomme ytterst på berget. Artig. Denne måtte jo få stå.





Forskjellige hosta, store ,små i forskjellige farger går igjen i hagen. Det same gjeld rododendron.


Kvart år er det ei stor gleda og fylgja med på denne valmuen. Første blom i går , fleire på gang. Ekstra glad i år for eg delte den i fjor og var spent på om det var greitt. Den står no klar for bløming to stader i hagen.


 Det var litt sommer glede og hageglede frå meg i kveld. 
Glad for enno ein ting forresten, null hull sa tannlegen i dag !!







søndag 16. juni 2013

Delt glede er dobbel glede.


Eitt steg fram og to tilbake.
Eit hode fullt av planer og virketrang, men kroppen heng ikkje med...
Det er meg, mi helse.
Har gått så bra i det siste, men så.....  Middag, revy... blei akkurat litt mykje det etter ein litt for travel dag. Det var no kjekt. Likevel.

Så får eg berre venta då. 
Til kroppen heng betre med på det hode vil. 
Veit det er lurt å roa ned, klara halda humøret oppe, det blir betre, veit det no . 
Tid og tålmod.
Så står eg igjen med fingrane i mold.

I dag var det akkurat nok berre å ta bilete.
Bra hageglede det og.
Og no deler eg med deg.
Delt glede er dobbel glede !!
Byr på eit bilderas i dag med inntrykk frå hagen :








Med på hage-runden : 
Mine firbeinte venner, Happy og Rampus.
Ikkje bestevenner, men har eit slags forhold til kvarandre...
Håper de og har kost dykk i hagen i dag. 
Ha ei god veka !!