Den grønnsakhagen ja..... De som har fulgt bloggen min i vår veit at eg arbeidde mykje med å få pallekarmer på plass og la bark rundt . Men kva skjedde så ??
Såing av frø vart prøvd, men sånn veldig vellukka vart det ikkje i år. Reddik var enkelt å få til og godt var det og. Gulrøtter delvis vellukka. Litt sukker-erter. Ingen rødbeter..... Salat vart det, og poteter blir det. For første gang har eg sett at poteta har frukt, potet-epler !!
Krydderhagen byr på flotte planter. Men eg kan ikkje sei at eg har vore flittig å bruka dei i mat. Eg nyter luktene og blomane som er no.
Men blåbæra mine er store og flotte og mange i år.
Eg har allergi mot både ein del frukt og bær. Men desse tåler eg godt og dei er så gode.
Litt har eg lært i år også. Nye forsøk får eg neste år !!
Ha det godt.
Tullik på Rauneknappen.